Hopp til hovedinnhold

Vi er miljøfyrtårnsertifisert!

Skulen vart sertifisert som Miljøfyrtårn 17. mars 2024. Det vil seie at skulen ønskjer å vere eit fyrtårn for miljø og klima.

Sertifiseringa vart offentleg markert ved ordførar Petter Sortland torsdag 16. mai! Skulen bydde på miljøtårnkake til alle elevar i samband med markeringa!

Vestland fylkeskommune er miljøfyrtårn, og dei vidaregåande skulane er i gang med sertifiseringa. For å bli sertifisert må skulen oppfylle ulike krav som omfattar internkontroll HMS, arbeidsmiljø, innkjøp og materialbruk, energibruk, transport, avfall, utslepp og estetikk.  

Det er laga tiltaksplan for arbeidet ved skulen framover, der også elevrådet skal vere med å planlegge aktivitetar kommande skuleår. Vi har mellom anna deltatt på plastutfordring, internasjonal dag med aktuelle tema og hatt open skule med ulike aktivitetar knytt til resdesign.

Andre viktige satsingar er;

Sortere og redusere avfall

Alle skal sortere søppel i avfallsdunkane som er tilgjengelege. Stasjonar for kjeldesortering skal vere lett tilgjengeleg i gangar og fellesområde.

Skulen har plikt til å opprette og vedlikehalde stoffkartotek for helsefarlege kjemikalie.

Miljøfyrtårnskular i Vestland skal forsøke å redusere mengdene med avfall. Det skal mellom anna ikkje nyttast eingongsservise og plastbestikk i kantina, og vi skal redusere bruken av papir.

Kantina skal redusere matavfallet mest mogeleg. Matavfallet vert registrert kvar dag og ein kan følgje utviklinga på inforskjermar i fellesareala. Ved innkjøp av mat skal økologiske varer og kortreist mat prioriterast.

Redusere energiforbruket

Miljøfyrtårnskular har forplikta seg til å redusere energiforbruket. Det skal også leggast til rette for å reise kollektivt eller bruke sykkel til og frå skulen, og skulen skal legge til rette for sykkelparkering. 

Miljøomsyn i innkjøp

Miljøfyrtårnskular skal ta miljøomsyn i innkjøp av varer og tenester. Vi skal sjå etter miljømerking ved innkjøp. Skulen skal bruke el-bilar som køyretøy så langt det er mogeleg.

Når vi leig inn eksterne entreprenørar skal vi etterspørje miljøsertifisering. Vi vil difor oppfordre alle samarbeidspartnarane våre til å bli miljøsertifisert.

Klima- og miljørapport

Det skal skrivast årlege klima- og miljørapportar