Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Ein blå sofa og bokhyller på biblioteket

Skulen er så heldig å ha eit skulebibliotek.

Høyanger vgs. har nyleg oppgratert skulebiblioteket. Vi har fått nye møblar og koselege sittegrupper. Her kan du velje å arbeide individuelt eller i grupper.
Biblioteket er ope alle skuledager frå 08:00 - 15:30.

Skulebiblioteket er ein stad kor du kan gjere skulearbeid tillegg til å låne bøker, leige film eller lese aviser/magasin/blad. Det er TV skjerm tilgjengeleg for gruppearbeid eller anna.
I tillegg til fagbøker har vi og eit godt utval av gamle klassikarar og nye bøker.

Bibliotekaren er til stades på desse tidene (vert klart i veke 34)

Tysdag kl. 13:15-14:15
Onsdag kl. 09:00-11:30
Torsdag kl. 09:00-12:00
Fredag kl. 09:00-10:00

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du signere ein elektronisk lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette signere.
Låneavtale - pålogging med bankID
Det er i tillegg ein innebygd alderssjekk slik at alle under 18 må oppgi føresettinformasjon. Ved innsending blir skjemaet signert digitalt, og dersom eleven er under 18 blir det i tillegg sendt eit signeringsoppdrag til den føresette.

Dersom elevar ikkje har høve til å nytte den digitale signeringsløysinga, kan eleven og føresette (når eleven er under 18 år) signere låneavtalen manuelt. Ta kontakt med Merethe Vedvik for dette.

Skulebibliotekaren

Det er Merethe som har ansvar for skulebiblioteket som er ein filial under Høyanger bibliotek.  Merethe kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna som du treng til skulearbeidet ditt.  Ho gjev og nye elevar opplæring i bruk av biblioteket og leverer ut lærebøkene.  Utdeling av bøker og oppstart skjer ved skulestart.

Merethe Vedvik

Bibliotekansvarleg
Bilde av bibliotekansvarleg Merethe Vedvik

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.  Snakk med læraren din dersom du har spørsmål og kjelder.