Hopp til hovedinnhold

Elevkort

Pocket-ID sin logo

Skal du få rabatt på kollektiv reise må du bevise at du er elev ved ein vidaregåande skule.

Høyanger vgs. brukar ei digital løysing som heiter PocketID
Du må sjølv laste ned Pocket ID via AppStore eller GooglePlay på din private mobil. Bruk din private Feide ID for å logge deg på på løysinga (e-xxxxxx). Du skal og velje foto som er teken av deg på skulen. Desse er tilgjengeleg så snart vi har teke bilete av nye elevar. Dette prøver vi å få til rundt skulestart.

Slik vel du foto

Vi minner om tilbodet om Skyss sitt ungdomskort for elevar mellom 16 og 20 år
Ungdomskortet gjeld for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå kjøpsdato, og gjeld i heile Vestland fylke.
Dersom du tek til i vidaregåande opplæring i august, men fyller 16 år seinare på året, kan du likevel kjøpe ungdomskort frå skulestart. Kortet kostar kr 380,-
Les meir om kortet og bestilling på Skyss.no

Ver oppmerksam på at du som reiser med ungdomsbilletten ikkje har plassgaranti på ekspressbussane. På fleire av ekspressrutene kan du reservere plass for eit tillegg i prisen.

Vaksne elevar

Vaksne elevar t.o.m. 29 år får 40% rabatt på periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar. På enkeltbillett og 24-timarsbillett betalar studentar vaksenpris.
Les meir om periodebillettar på Skyss.no