Internasjonalisering ved Høyanger vidaregåande skule står støtt og har ein sentral plass i skulelivet.
Internasjonalt arbeid ved skulen
Samarbeid med andre er viktig. Både samarbeid med andre skular, men også samarbeid med næringsliv og organisasjonar, og ikkje minst samarbeid med partnarar internasjonalt.
Ved HVGS ønsker vi å gjere elevane våre bevisste på spesielt to ting; a) Europa kan vere din framtidige studieplass og/eller arbeidsplass og b) erfaring frå samarbeid med andre gir eit nytt perspektiv på eigen kvardag.
Vår vesle distriktsskule har kort veg ut i Europa. På ein liten skule vil det også opne seg moglegheiter for at ein større prosentdel av elevgruppa kan ta del i arbeid og mobilitet rett og slett fordi det organisatoriske og administrative rundt samarbeidet vil vere meir oversiktleg. Slik skulen ser det vil det også vere viktig å involvere alle elevane i for eksempel eit kull eller i eit fag fordi eit internasjonalt samarbeid vil vere en del av skulekvardagen.
Ved å ta ei aktiv rolle skal elevane utvikle seg både fagleg og personleg til å bli godt førebudde til arbeidsliv, vidare studium og eit aktivt samfunnsliv. Dette gjeld også for lærarane. Gjennom erfaring med internasjonalt arbeid vil dette i seg sjølv gi ein ekstra dimensjon til eige arbeid på eigen skule.
Etterdønningane etter siste par år med covid byrjar å legge seg, og vi ser konturane av ein «normal skulekvardag». Restriksjonar på utenlandsreise og det å ta i mot gjester er ikkje gjeldande lenger, og vi er klare for å ta opp att aktivitetane for fullt dette skuleåret.
Vg2 klassane på helse, elektro og industriteknologi reiser til Danmark. Helseklassen til Social-og Sundhedsskolen Syd i Aabenra, og elektro- og industriteknologielevane til EUC-Dyd i henholdvis Haderslev og Sønderborg. Denne turen finn stad til våren 2023 dvs. veke 16 og 17 i april månad. Opplegget for perioden vil vere tilpassa dei ulike studieretningane, men mykje skal og vere felles for aller dei tre klassane, som til dømes:
- Fokus på kulturelle og faglege fellesskap mellom Norge og Danmark.
- Europa som framtideg arbeidsplass, morgondagens fagfelt (innenfor sine områder).
- Teknologiske moglegheiter og forventa kunnskap og ferdigheiter når dei går frå å vere elev/lærling og over i yrkeslivet.
Men før vi kjem så langt i kalenderen starter stud. spes opp et nytt Erasmus+ prosjekt med gamle vener i Baskerland, Italia og Danmark. Vi håpar også at partnerskulane våre i Nederland og Tyskland er med frå neste skuleår av. Arbeidstittelen på dette prosjektet er «We are the people we have been waiting for» med desse hovudtemaene;
- Utveksling av kulturelle og faglege fellesskap.
- Europa som framtideg arbeidsplass.
- Kva ferdigheiter forventar ein av morgondagens arbeidstakarar.
Allereie i siste veka av september skal vi være vertskap i dette prosjektet.
Dette skuleåret tek vi også i mot lærarar som ønsker å besøke Høyanger vgs. for jobshadowing, også dette er Erasmus+ finansierte prosjekt. I to ulike periodar tek vi i mot lærarkollegaer frå Sverige og Tyskland.
Nærare jul reiser årets engelsk1 elevar i 2STA sammen med «fjorårets» engelsk1 elevar – dei som no går i 3STA, til Aberdeen. Denne gjengen fekk ikkje reist i fjor grunna for mykje usikkerheit knytta til pandemien.
Og til slutt kan vi nemne at 3STA og påbyggselevar i 3PBA i lag siktar mot ein studietur til Paris i slutten av mars. Ein tur som vert finansiert med inntekt frå ungdomsbedriften deira.
Kontaktperson
Erlend har arbeid med internasjonalt arbeid ved skulen i fleire år og har god erfaring og kunnskap på dette feltet. Til vanleg underviser han i mellom anna engelsk, psykologi og kroppsøving
Erlend Skreien
Kontaktlærar 3STA/3PBA