Alle elevar som har rett på skuleskyss får tildelt eit skysskort
Skuleskysskort
Alle elevar med rett til gratis skuleskyss, vil få utlevert eit elektronisk skuleskysskort. Kortet er personleg med namn og kortnummer, og det er ikkje høve til å låne det ut til andre. Ta vare på kortet. Same kortet skal no brukast om att frå år til år så lenge du har rett på gratis skuleskyss.
Du kan først søkje om skuleskyss når du har fått tildelt skuleplass (eiga lenke).
Du kan og søkje skuleskyss via denne lenka
Du har rett på gratis skuleskyss dersom
- avstanden mellom heim og skule er 6 km eller meir. Avstanden gjeld kortaste gangbare veg mellom heim og skule
- du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom heim og skule
- det er nødvendig med båt eller ferje, utan omsyn til avstanden mellom heim og skule
- du går på skule i eit anna fylke og elevplassen er kjøpt av Vestland fylkeskommune
Du kan bli pålagd å gå inntil 3 km frå heim til haldeplass.
Det ligg to turar i kortet kvar dag, inkludert overgang. Dersom turane er brukt opp, må du betale reisa sjølv.
Skuleskysskortet kan ikkje nyttast ved turar i skuletida, på fridagar eller i feriar. Kortet kan berre brukast på turar på strekninga mellom heim og skule.
Nytt dette skuleåret er at du og kan nytte skysskortet til i samband med utplassering.
Bur du på hybel har du berre rett på skuleskyss dersom avstanden mellom hybel og skule er 6 km eller meir. Elevar under 19 år kan søkje om ungdomskort.
Ver merksam på at dersom du har rett på skyss, men ikkje har eit tilgjengeleg og akseptabelt reisetilbod, kan Skyss organiserer eit eit tilrettelagt skysstilbod til deg.
Les meir om dette i skuleskyssreglement for dei vidaregåande skuler i Vestland fylkeskommune og på skyss.no.
Litt info om skysstilbod til vaksne
- Vaksne elevar som er tatt inn på vidaregåande skule gjennom ordinært inntak, har rett til
skuleskyss på lik linje med andre elevar. - Vaksne som er tatt inn på vidaregåande skule med heimel i opplæringslova § 4A-3 (tilbod
spesielt organisert for vaksne), har ikkje rett på skyss. - Elevar som tek kurstilbod på ein vidaregåande skule har ikkje krav på skyss eller godtgjering
Vaksne elevar t.o.m. 29 år får 40% rabatt på periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar. På enkeltbillett og 24-timarsbillett betalar studentar vaksenpris.
Les meir om periodebillettar.
Kontaktinformasjon
Ta kontakt med kontoret på skulen dersom du ikkje har fått skysskort eller om du treng nytt
Reidun Taule
konsulent