Kva skjer på skulen vår?
Høyanger vgs. legg opp til ulike aktivitetsdagar i løpet av skuleåret. På hausten tar vi elevane med på fjellet, før jul arrangerer vi volleyballturnering og siste veka før sommarferien har vi felles avslutning med grilling og ulike aktivitetar.
I tillegg arrangerer elevrådet skuleball siste veka før juleferien.
I kantina er det sett opp to TV-skjermar til to PS4 spel og det er ulike brettspel som ein kan låne.
Miljøkoordinator
Kristin er tilsett som miljøkoordinator i 30%. Ho begynte i stillinga den 16. janaur. Ho har kontor mellom biblioteket og kantina.
Kristin Viksøy Sande
Miljøkoordinator
Open skule
Dette er eit nytt tilbod denne terminen. Oppstart onsdag 25. janaur kl. 16:00 til 20:00. Kristin har laga ei forslagskasse som står på biblioteket. Her kan du komme med forslag til ein eller fleire aktivitetar. På open skule legg Kristin til rette for diverse ting du kan gjere eller vere med på:
- Spele rettspel
- Kahoot
- Filmkveld i auditoriet
- Øving på musikkscena
- "Henge" med vener
- Gjere skulearbeid
- Matlaging
Kantina
Magnar Fjetland som arbeider i kantina sørger for at du får gratis skulefrukost to dagar i veka. I tillegg lagar han middag for elevar som bur på hybel ein gong i veka. Sjå info på teams eller på infoskjermane ang dagar for frukost, middag og meny.
Skulekantina Høyanger vgs.
Politi på skulen
Får og med januar 2023vil politiet ha kontortid på skulen ein dag kvar femte veke. Dette for å bygge relasjon med deg som ungdom. Høyanger lennsmannkontor er med i eit prosjekt som heiter innbyggjarstemmen som skal analysere korleis politiet skal arbeide for å møte innbyggjarane sine behov, krav og forventningar.
Vi legg ut på teams og infoskjermane når dei er på skulen.
Det er viktig for skulen og skuleigar at du som elev har eit trygt og godt skulemiljø. Dersom du ikkje er nøgd med skulen sitt arbeid ut i frå aktivitetsplikta, er det utarbeida ein rutine som du og dei føresette skal følgje.
Her finn du informasjonbrev frå Vestland fylkeskommune om saka.