Kantina er den naturlege samlingsstaden for deg som elev
Den er ope alle skuledagar mellom 08:30 - 14:15. Det er Magnar Fjetland som er kantinebestyrar på skulen.
Kantina er stort sett stengd på møtefredagar, men kan ha eit lite utval desse fredagane. Vi legg ut informasjon om meny og endringar i opningstidene på teams og på infoskjermane.
Meny
- Påsmurt med ulikt pålegg
- Tineprodukt
- Salatbar
- Frukt
- Varme rettar ca 2. gonger pr veke. Info på teams og på infoskjermane
- Is (april-august)
Betaling
Du kan betale med kort eller kontant.
Hybelmiddag
Hybelmiddag vert ein gong i veka kl. 16:00. Minimum 5 personar må melde seg på. Du melder deg på dagen før via teamschatten "Hybelmiddag". Her legg Magnar og ut menyen. Pris kr 50,- og bindande påmelding.
Gratis skulefrukost
Elevane våre får gratis skulefrukost i kantina to gongar i veka mellom kl. 08:00-08:30.
Vi varierer mellom brødskiver, med eit godt utval av pålegg og havregraut. I tillegg får du juice, melk og kaffi.
Dette skuleåret er det skulefrukost kvar tysdag og torsdag.
Du kan bidra til eit godt kantinetilbod
Det gjer du ved å bruke kantina og ikkje reise på butikken og handle i friminutta.
Du må gjerne kome med innspel om det er noko dei ønskjer kantina skal lage eller selje. Ta kontakt med Magnar eller ta det opp i elevrådet.
For at kantina skal vere ein hyggeleg stad å vere, ønsker vi at alle brukar miljøstasjonane og ryddar etter seg.
Kontaktinformasjon
Magnar Johan Fjetland
Kantinebestyrar