Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.
Høyanger vgs har to opplæringstilbod for vaksne dette skuleåret og for skuleåret 2022-2023. Begge kursa er organisert i kombinasjonsklasse ungdom og vaksne.
All undervisning er på dagtid i skulen sine lokale. Du kan ved spesielle høve, delta i undervisninga heimafrå via teams, som er skulen sin kommunikasjonskanal.
Skulen har eigen organisering av timeplanen som er lagt ut over ni dagar istaden for 10 dagar. Du får difor fri omlag annakvar fredag.
Vi ser fram til å få deg som elev til eit interessant og spanande læringsmiljø med gode og erfarne lærarar.