Slik er skulekvardagen ved Høyanger vidaregåande skule.
Skulekvardagen for elevane skuleåret 2025-26
Måndag - fredag kl. 08:15 - 15:15.
Skulefrukost frå kl. 07:45 - 08:15
Matpause frå kl. 11:30 - 12:05.
Skulekvardagen for dei tilsette
Pedagogisk personale
Arbeidstida til den enkelte lærar varierar ut i frå timetal og stilling.
Møtetid for tilsette vert lagt i timeplanen.
Undervisninga dette skuleåret er mellom kl. 08:15-15:15.
Skuleleiing og kontorpersonell
Kl. 07:30 - 15:30
Driftsteknikkar
Kl. 07:15 - 14:45
Reinhald
Kl. 06:00 - 14:00

Lokalitet
Høyanger vgs. ligg i Høyanger kommune og er den einast vidaregåande skulen i kommunen. Skulen ligg rett ved FV55 og har gode parkeringstilhøve. Det er eiga parkering for funksjonshemma og all parkering er gratis.
Dette synes vi er viktig
Vi jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. Vi har eigen miljøkoordinator og eit eige spelerom med to bordtennisbord og eit piano. I kantina har vi to PS4 og eit fotballspel. På biblioteket finn du, i tillegg til bøker, ulike brettspel.
Skulen sin historie
Skulen vår har vore i drift sidan 1968. Sidan den gong er den bygd på og modernisert fleire gonger. Meir om skulen sin historie