Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Dei har teieplikt og tenesta er gratis.
Kontortid til helsesjukepleiar 2021/2022
Helsesjukepleiar Silje Marie Martinsen er å treffe på Høyanger vgs. kvar torsdag mellom kl. 11.00 og 15.00.
Nokre dagar kan det vere noko utfordrande å ha "opa-dør funksjon". Da kan du ta kontakt via SMS for å avtale time.
Helsesjukepleiaren vår
På skulen vår er det Silje Marie Martinsen som er helsesjukepleiar. Ho har kontor i gangen utanfor personalrommet. Ho er tilstades på skulen ein dag i veka
Silje Marie
Helsesjukepleiar
Kva kan du ta opp?
Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt.
- bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
- hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
- vanlege plager hos ungdom
- vanskar med å sove
- vanskelege tankar
- prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel
Helsestasjon for ungdom (HFU).
- HFU er eit tilbod til ungdom i alderen frå 13 til 20 år, og er eit suplement til skulehelsetenesta.
- Helsestasjon for ungdom har ope kvar onsdag frå kl. 14:30 til 16:30.
- Det er mogleg å snakke med helsesjukeplaiar, jordmor og lege. Du treng ikkje tinge time på førehand og tilbodet er gratis.
Dei har flytta i nytt lokale i Høyanger sentrum. Du finn dei no i 2. etg. i helsebygget.
Gå over gangbrua og bank på døra til venstre.
Telefon: 57711612
OBS! HFU er stengt i sommar