- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Litt om skulen vår
Høyanger vgs vert frå 2026 ein avdeling under Førde vgs, men har eigne søkbare utdaniningstilbod på same måte som før. Dei fleste av tilboda er på yrkesfag, men vi har og tilbod om vg1 studiespesialiserande i samarbeid med Førde vgs. Vi har tilbod om toppidrett i fotball og handball også for elevar på yrkesfag. For dei som er ferdig med vg2 yrkesfag og har fått lærekontrakt tilbyr vi digital undervisning i Påbygg vg4 for lærlingar. Søknad går via Nettskulen i Vestland. Er du over 19 år? Da tilbyr vi modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) i helsearbeidarfaget. Velkomen til Høyanger vgs
Møte for føresette til elevar på vg1 og vg2 i Høyanger
Tysdag 8. september 2026 vert der arrangert møte for føresette til elevar som har byrja på vg1 og vg2 dette skuleåret. Møte vert i skulekantina kl. 18:00, først litt felles info, deretter tek ein det klassevis. VELKOMEN!
Toppidrett
Vel du Høyanger vidaregåande skule får du moglegheit til å satse på toppidrett! Dette gjeld både for elevar på yrkesfag og studiespesialisering. Skuleåret 2026-2027 tilbyr vi programfag toppidrett i både fotball og handball. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.Aktuelle saker
09.07.2026
Bortebuarstipend frå Høyanger kommune
Høyanger kommune vidarefører ordninga med å gje bortebuarstipend.

25.06.2026
Velkomen til første skuledag ved Førde vgs. avdeling Høyanger, måndag 17. august
Skulen har samla viktig informasjon som du treng for å førebu deg til skulestart.

