Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Fire elevar i samtale i eit klasserom

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Målet vårt er å gje deg ei god oppleving av skulen samstundes som vi skal førebu deg til vidare studium.  Høyanger vgs. er ein liten skule, og det betyr at vi kan følgje deg tett opp!

Som elev på studiespesialisering kan du få moglegheit å reise til land som vi samarbeider med i Erasmus+. Vi legg også opp til ein studietur til England eller Skottland på for dei som vel programfaget engelsk 1 på vg2. Alle elevar på vg3 reiser på ein felles studietur til utlandet. Våren 2022 går turen til Roma.

Vg1 Studiespesialisering 

På første året på studiespesialisering får du ei brei allmennutdanning som gjev deg kunnskap innan desse faga:

  • framandspråk: tysk eller fransk
  • matte: praktisk eller teoretisk
  • naturfag
  • geografi
  • samfunnskunnskap
  • engelsk
  • norsk
  • kroppsøving
Vg2 Realfag og vg2 Språk og samfunnsfag

Fellesfag/obligatoriske fag på vg2 er til saman 15 timar. Resten av faga er programfag som du kan velje sjølv

Fellesfaga er:

  • Norsk: 4 timar
  • Historie: 2 timar
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: nivå 1 fransk/nivå 2 fransk el. tysk, standpunktkarakter på vitnemål
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk): 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Alternativt kan du velje programfaget Realfagsmatematikk 1 på 5 timar.

Valfrie programfag på Vg2:
Du må ta to fag som du har over to år (til saman 10 timar pr. veke). I tillegg kan du velje eitt fag til - uavhengig av programområde (5 t/v). Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. 

Dei valfrie programfaga ved Høyanger vgs. er:

  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Fysikk 1
  • Engelsk 1 og  2
  • Matematikk R1 + R2
  • Psykologi 1 + 2
  • Politikk og menneskerettar/sosialkunnskap
Vg3 Realfag og vg3 Språk og samfunn

Fellesfag/obligatoriske fag på vg3 er 15 timar. Resten er valfrie fag/programfag.

Fellesfaga er:

  • Norsk: 6 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Historie: 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Religion: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål

 

Valfrie programfag på Vg3:
Du må ta to programfag som du har over 2 år (til saman 10 timar pr. veke). I tillegg kan du velje eitt fag til - uavhengig av programområde (5 t/v). Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. 

Dei valfrie programfaga ved Høyanger vgs.:

  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Fysikk 1
  • Engelsk 1 og 2
  • Matematikk R1 + R2
  • Psykologi 1 + 2
  • Politikk og menneskerettar/sosialkunnskap
To elevar står saman

Er det studiespesialiserande i Høyanger?

Ikkje alle veit at skulen har dette tilbodet.  Caroline frå Sande var ei av dei. No er ho snart ferdig på vg3 og har i tillegg fått seg ein kjæraste. Han går til og med i same klasse.