Hopp til hovedinnhold

Rådgjeving

Ingunn Eikås er ny rådgjevar på skulen frå hausten av.  Ho har ansvar for karriererettleiing og tilrettelagt opplæring. Ho er og kontaktperson mot rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

1. Karriererettleiing

Vidaregåande opplæring (VIGO):
Elevane får informasjon og rettleiing i høve val av programområde/ studieretning og enkeltfag. Alle får rettleiing og hjelp til søkje elektronisk via søkjarportalen Vigo.
Vilbli gir nyttig informasjon om vidaregåande opplæring. Her finn du alle studieretningane du vil søke på ved vår skule, men og andre skular.

Høgare utdanning:
Elevar som avsluttar vidaregåande skule og skal søkje høgare utdanning, får informasjon og rettleiing om utdanning og yrkesval. Skulen samarbeider med fleire utdanningsinstitusjonar om studieorienteringsdag.  Rådgjevar kjem rundt i klassana og sender ut informasjon via teams.

Du finn mykje informasjonsmateriell i tidsskrifthylla i gangen ved spelerommet.

Det meste av høgare utdanning i Noreg har felles opptak gjennom Samordna opptak. Du finn meir informasjon om høgare utdanning på utdanning.no og veilederforum.no.
ANSA (Association of Norwegian Students Abroad) gir god og nyttig informasjon om utdanning i utlandet.

2.  Rettleiing for elevar med sosiale eller personlege problem

Rådgjevar samarbeider med rettleiingsstenesta RLT. Du kan og ta kontakt med skulehelsetenesta

3. Tilrettelegging for elevar med spesielle behov

Vi har eiga rådgjeving for tilrettelagt opplæring som samarbeidar tett med kontaktlærarane for å følgje opp elevar som treng særskild tilrettelegging.

Hjelp og støtte for elevar og lærlingar i Vestland fylkeskommune

Rådgjevar på Høyanger vgs

Ingunn Eikås

Rådgjevar
Bilde av rådgjevar Ingunn Eikås