Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

To elevar klatrar i stolpe utanfor skulen

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Høyanger vgs. har mykje spanande å tilby deg som elev.  Klassane er små og du får tett oppfølgjing.  Du får mellom anna delta i prosjek. Dette skuleåret samarbeidar elektro og helse om noko som heiter velferdsteknologi og Eramus+.  I samband med dette skal vg2-elevane hospitere på ein skule i Danmark i to veker.

Høyanger vgs. tilbyr 2-årig utdanning

Vg1 Elektro og datateknologi

Du lærer

  • installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system
  • montering, kopling og programmering av elektriske og elektroniske system og anlegg
  • reparasjon av elektrisk utstyr
  • om utvikling av nye elektroniske produkt
  • konfigurering og programmering av utstyr og komponentar
  • tryggleik og dokumentasjon


Du bør

  • vere nøyaktig og systematisk
  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte
  • vere kreativ og ha godt fargesyn


Du kan bli

  • elektrikar, elektroreparatør eller energioperatør
  • tavle-, signal eller heismontør
  • avionikar eller flymekanikar
  • romteknolog, data- eller produksjonselektronikar
  • automatikar eller FU-operatør

Sjå alle yrke og kompetansar på Vilbli.no


Arbeidsstader

  • offentlege eller private bedrifter
  • prosess- eller elektronikkindustrien
  • mekanisk industri, energiverk eller jernbanedrift
  • data-, fly- eller oljebransjen
Vg2 Elenergi og ekom

Vel du dette programomårdet kan du velje alt frå installasjon av elektriske anlegg i heimar til arbeid i høgspentmasta. Linja gjev eit breitt fagfelt der utsiktene for jobb er svært gode.

VG2 Elenergi og ekom har følgande tema:

  • Elektriske anlegg
  • Automatiserte anlegg/PLS
  • Nettverk
  • Alarmanlegg
  • Energisystem


Linja har eit godt samarbeid med næringslivet, og elevane er ute i praksis i bedrifter dei sjølv ynskjer å prøve ut.

Når du er ferdig kan du gå ut som lærling i fleire ulike fag. 

Les meir om elenergi på vilbli.no
Du søkjer skuleplass på vigo.no

Elev på verkstaden

Smått er smart!

Sølve Andre Dale vart noregsmeister i elektrikarfaget medan han var elev ved Høyanger vgs.  Han har delt erfaringa si og fortel kor vegen gjekk vidare etter vg2.