Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Tre elevar i kjeledress på verkstaden

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Verkstaden til Høyanger vgs. er blitt oppgradert med mykje nytt ustyr.  Vi har mellom anna kjøpt inn heilt nye verktøytavler og skap, slik at orden og reinhald vert lettare. Vi har og investert i robotar og eit moderne sandblåsarkabinett, som vi nyttar i undervisninga. Det er viktig at skulen er oppdatert på maskiner og utstyr slik at du blir godt rusta når du går ut i lære eller tek vidare utdanning.

Vg1 Teknologi- og industrifag

Du lærer

  • om produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
  • om automatisering og programmering av robotar
  • om maskiner og produksjonsutstyr
  • om køyretøy og transport
  • om kjemiske prosessar og kjemiteknikk
  • om helse, miljø og tryggleik


Du bør

  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere sjølvstendig og nøyaktig
  • vere interessert i ny teknologi


Du kan bli

  • aluminiumskonstruktør, sveisar eller platearbeidar
  • verktøymakar eller finmekanikar
  • faglaborant eller operatør i kjemisk prosessindustri
  • industrisyar, operatør i trikotasje eller vaskerioperatør
  • bilskadereparatør, bilmekanikar eller billakkerar
  • logistikkoperatør eller yrkessjåfør
  • anleggsmaskin-, landbruksmaskin- eller motormekanikar
  • bore- eller brønnoperatør
  • matros eller motormann

Sjå alle yrke og kompetansar på Vilbli.no

Arbeidsstader

  • teknisk og elektromekanisk industri
  • skipsindustrien eller bilindustrien
  • kjemisk prosessindustri eller tekoindustrien
  • bilbransjen eller oljebransjen
  • vare- eller transportbedrifter
Vg2 Industriteknologi

Innanfordett faget er det veldig mange fagutdanningar. Desse fører deg fram til ulike jobbar i industri- og servicebedrifter både landbasert og offshore. 
Du må like:

  • å lage og montere ting
  • reparere og setje i drift ting
  • overvake prosessar og liknande

Elevar på Høyanger vgs. er ute i praksis to veker om hausten og to veker om våren.  Mange av våre elevar får lærlingskontraktar hos Hydro lokalt.

Les meir om teknologi- og industrifag på vilbli.no
Du søkjer studieplass på vigo.no