Hopp til hovedinnhold

Velkomen til første skuledag ved Førde vgs. avdeling Høyanger, måndag 17. august

Illustrasjonsbilete av skulebygget. Oransje bygning med blå himmel og eit svart eiketre på høgre side

Skulen har samla viktig informasjon som du treng for å førebu deg til skulestart.

Skulestad Høyanger

Oppmøte for alle i skulekantina måndag 17. august kl. 08:15. Ass. rektor ønsker velkomen og presanterer avdelingsleiar og kontaktlærar for dei ulike klassane.  Klassane går saman med kontaktlærar til klasserommet.  Utdeling av bøker etter eigen plan.

Elev-PC for skuleåret 2026-27

Informasjon om ordninga med Elev-PC ligg på nettsida til Vestland fylkeskommune. På nettsida ligg også lenke til nettbutikken der du kan kjøpe PC. Får du vanskar med å gjennomføre kjøp skal du kontakte Komplett på følgande e-post: elevpc@komplettbedrift.no - Telefon: 33 00 51 30. 

Skjema som skal fyllast ut

Utlån læremiddel, lånekontrakt
Når du har fått skuleplass skal du signere ein elektronisk lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette signere. Viktig at den er signert før første skuledag, slik at du får lånt bøker.  Låneavtale - krev pålogging med BankID/MinID.

Samtykkeskjema ang publisering av bilete og utveksling av informasjon
Samtykke bilete (PDF).  Skriv ut og fyll ut.  Leverast til kontaktlærar snarast etter skulestart.

Skuleskyss

Hugs å søke om skuleskyss dersom du treng dette
Når du får melding om skuleplass på SMS vil det følge med ei lenke til søknadsskjema om skyss.  Krev innlogging med BankID/MinID.  Det er viktig å søke tidleg slik at Skyssavdelinga har oversikt over skyssbehovet i god tid før skulestart.
Les meir info om skuleskyss

Skysskort/billett 
På vidaregåande kan du velje å ha mobilbillett. Dvs. at du får 2 reiser pr dag registeret på mobilen din. Du må da legge inn mobilnummer i søknaden og ha lasta ned Skyssappen.
Vil du bruke Skysskortet ditt fra ungdomskulen eller frå vg1, må du ta vare på kortet ditt, men likevel søke skyss.

Når det gjeld skyss for dei to dagane vg1 STSP skal gå i Førde så legg skulen inn dette for dei elevane det gjeld.

Lånekassen

Hugs å søke om stipend så fort du har sagt ja til skuleeplass. Hugs å velge rett skulestad. Skal du gå i Høyanger skal du velger Førde vidaregåande skule avd. Høyanger.
Jo tidlegare du søker, jo større sjanse er det for at du får pengane til skulestart

Dei ulike utdanningsprogramma krev ulikt utstyr. For at du skal få kjøpt det du treng, har du rett på utstyrsstipend frå Lånekassen.
Lenke til lånekassen og søknadskjema

Utstyr som du treng dersom du skal gå yrkesfag

(informasjon kjem)