Hopp til hovedinnhold

Trygg russetid

To vaksne personar som bit negler

Høyanger vgs samlar russen kvart år for å førebu dei litt på russeferinga

Skulen kallar dette for "trygg russetid" og inviterer raud og svartruss til møte 12. april.  Møtetidspunkt vert lagt på timeplanen.
Her deltek mellom anna skulen sin miljøkoordinator, lokalt politi, helsestasjonen og NOK. Sogn og fjordane.   NOK. er eit tverrfagleg lågterskel og gratis hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Dei er og ein fagressurs som tilbyr rettleiing og undervisning om tema som omhandlar seksuelle overgrep.

Vestland fylkeskommune har nyleg hatt eit foreldremøte om russetida som det er gjort opptak av. Her deltok mellom anna fylkesordførar Jon Askeland, Trygg trafkk, nokre helsesjukepleiarar og russen sjølv.  

I tillegg har dei ei eiga nettside kalla vestruss.no. Her finn ein nyttig informasjon, men det er viktig å påpeike at russefeiringa i Bergen og omegn er litt annleis enn russefeiringa i Høyanger, og ved andre mindre skular i gamle Sogn og fjordane.