Sveisekurs for 1TPA

1TPA samla på verkstaden

Bilfinger heldt sveisekurs for vg1 elevane på teknologi- og industrifag

I førre veke fekk vg1 elevane ekstra undervisning i sveising.  Dette gjekk føre seg på verkstaden på skulen. Kurset starta allereie kl. 07:00 og økta varte fram til kl 14:00. Instruktør var Eirik Sæhl Målsnes frå Bilfinger i Høyanger.  Målnes har sjølv våre elev ved Høyanger vgs. Dette var i skuleåret 2017/2018. 
Han var imponert over innsatsen og nivået til elevane.  Lærar Hans Ivar Ramsøy fortel at klassen har hatt fokus på sveising dette skuleåret for å styrke YFF-faget. YFF står for yrkesfagleg fordjupning. Elevane var og særs nøgd med denne skuledagen.

Les meir om yrkesfagleg fordjupning på Udir