Hopp til hovedinnhold

Nesten "reint bord" i Fylkesmeisterskapen

Heile 1ELA klassen står oppstilt med alle premiane dei vant

Vg1 Elektro- og datateknologi si ungdomsbedrift er kåra til fylkes beste!

Ungdomsbedrifta Høyang Lampa deltok i fire konkurransar og reiste frå Førde med heile tre 1. plassar og ein andreplass. Dei vant desse kategoriane:

  • Beste yrkesfaglege bedrift
  • Beste videopitch
  • Beste ungdomsbedrift

Andre plassen fekk dei i kategorien beste salsbedrift.

Dette gjev bedrifta "gullbillett" til Noregsmeisterskapen i Ungt Entrprenørskap som vert arrangert i Lillestrøm i byrjinga av mai.  

I tillegg til dette vant Ståle Walsvik kategorien beste entrprenørskapslærar. 

I dag skal vi hylle vinnarane i kantina.  Rektor har baka kake og skulen spanderar panini og brus.

Gratulerer så mykje til alle saman!

Sjå Høyanger vgs i facebookside.