Hopp til hovedinnhold

Skuleval ved Høyanger vgs.

To elevar var møteleiarar t i samband med skuledebatt på samfunnshuset

Tysdag 5. september var det gjennomført skuleval ved Høyanger vgs.

Før elevane gjekk til stemmeurna vart det arrangert debatt på samfunnshuset der alle elevane ved Høyanger vgs. deltok samt 10. klassingar frå Høyanger, Bjordal og Lavik.
Ungdomspolitikarar frå desse seks partia deltok: Raudt, Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristleg Folkeparti, Vestre og Høgre.
Amani i 3STA og Leo i 2ELEA var dyktige møteleiarar.

Etter debatten var det mogleg å stemme på skulen. Der var skulebiblioteket omgjort til stemmelokale og elevar i 1STA fungerte som valmedarbeidarar.
Alle førstegongsveljarar fekk ei ekstra orientering om val og korleis det å stemme fungerar i praksis.

Valresultat for skulevalet ved Høyanger 2023:

Valgresultat skuleval vgs 23.jpg