Onsdag 25. mai hadde skulen besøk av Sparebanken Sogn og Fjordane
Det var elevane i 1STA, 3STA og vg2 yrkesfag som gjennomførte programmet
"sjef i eige liv" som er eit samarbeidsprogram mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Ung Entreprenørskap.
Programmet skal gje elevane grunnleggjande kunnskapar innan økonomi og det er knytt ein del mål til desse:
- reflektere over sammenhengen mellom dei vala dei gjer i dag og livet dei ønsker seg i framtida.
- forstå at ein del av vala dei tek, kan få økonomiske konsekvensar.
- sette opp budsjett og vurdere korleis livssituasjon, sparing og låneopptak påvirkar personlig økonomi.
- reflektere rundt dei reelle moglegheitene for ein gong å kunne skaffe seg ein eigen bolig.
- reflektere over kvifor sparing er viktig og vite om fordelane med BSU.
Takk til Trond Valakar som var banken sin representant denne dagen.