Nytt år - nye moglegheiter
I dag møtte nye og tidlegare elevar opp til skulestart. Dei vart teken i mot av Kristin S. Råsberg som er ny rektor ved skulen. Ho ønska alle velkomen til eit nytt skuleår og ønska alle ei fin tid ved Høyanger vgs. Deretter gjekk elevane til klasseromma i lag med kontaktlærar. I løpet av dagen skal alle få utdelt lærebøker og nye elevar skal gjere seg kjend med skulen, medelevar og tilsette.