Denne veka samlar Høyangerrussen inn pengar til kreftsaka.
Det er vorten tradisjon at russen gjer eit krafttak mot kreft. I år samlar dei inn pengar til forskning på kreft med spreiing.
Førre veke hadde dei eit informasjonsmøte med ein representant frå kreftforeininga. Denne veka har raudrussen baka muffins som dei har seld til medelevar og tilsette og dei har byrja å gå med bøsser både i Høyanger, Kyrkjebø og Vadheim. Håpar du tek vel i mot dei.
Dersom du ikkje har fått besøk av ein bøssebærar kan du sende pengar via vippsnummer #451009.
Les meir om årets aksjon på heimesida til kreftforeininga

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene