Juleavslutning

Elev viser tommel opp

Årets siste skuledag vart avslutta i kantina

Tradisjonen tru hadde vi felles avslutning i kantina med elevane og tilsette.  Nytt av året var at 10. klassane og var med i lag med sine lærarar.
Det vart servert risengrynsgraut med to mandlar.  Premie til Knut-Olav og Anders som begge går i 1ELA.

Programmet var felles sang kor vi sang fire julesangar på fire ulike språk deretter var det Kahoot i regi av Elin.  
Etterpå sang Hedda i 3STA tre flotte låter i lag med Leander i 2PINA på gitar og Elias i 2ELEA på bass. Ståle Walsvik spela piano medan Rune Ølmheim var hyra inn på trommer. Veldig kjekt å ha live-musikk på scena att. 

Heilt til slutt var det premieutdeling i samband med volleyballturneringa, og det vart delt ut premie etter dødsingkokurransen i september.  Denne gjekk til Theo i 1STA.  Han fekk ei stilig t-skjorte med flott trykk laga av Dan.

Rektor sa nokre velvalde ord om jula og om å ta vare på kvarandre. Detter ønska vi kvarandre god jul og godt nytt år!