Hopp til hovedinnhold

Internasjonal dag ved skulen

Elevar heiser FN flagget og står rundt flaggstanga med flagg frå heile verda

Tysdag 7. november var det arrangert internasjonal ved Høyanger vgs.

Samarbeid med andre er viktig. Både samarbeid med andre skular, men også samarbeid med næringsliv og organisasjonar, og ikkje minst samarbeid med partnarar internasjonalt. Vår vesle distriktskule har kort veg ut i verda, og det er kort veg for verda å kome til oss.

Denne tysdagen arrangerte vi Internasjonal dag på skulen kor vi hadde besøk av FN sambandet. Alle elevane på skulen deltok saman med elevar frå norskopplæringa og elevane i 10. klasse ved Høyanger og Lavik skule. 
Dagen starta med flaggborg og vi heisa FN flagget, og fekk ein appell ved FN Sambandet. Deretter vart elevane delt i to grupper kor den eine gjekk gjennom ulike opplegg på tre stasjonar, og den andre halvdelen spela "handelsspelet". Etter lunsj bytta dei to gruppene plass, og dermed fekk alle delta på alle aktivitetane før dagen var omme. 

I år vart hovudfokuset for den internasjonale dagen ved Høyanger vgs klima og berekraft i ei verdsperspektiv. FN sambandet stilte med fagleg innhald og lærarane på skulen deltok i gjennomføringa. Spesielt handelsspelet engasjerte elevane. Her vart dei plassert i ulike land med ulike forutsetningar for å klare å produsere det som "marknaden" ville ha. Produkta var geometriske figurar som skulle klippast frå ark. Nokre land hadde mykje utstyr, men lite folk, andre hadde folk, men lite utstyr. Plutseleg vart dei råka av naturkatastrofar eller "renteheving frå verdsbanken". Dette var ein fin øving i å forstå forskjellar og urettferda i verda. 
På dei andre stasjonane vart elevane utfordra på å reflektere og diskutere ulike tema knytt til berekraft og klimatiltak.

I lunsjen serverte Aleksander vaflar med brunost for alle som ville smake, og elevane frå norskopplæringa serverte diverse søtsaker, syrisk kaffi og arabisk te. I tillegg vart det tid til ein quiz med ujamne lag, vanskelege spørsmål og ein høgt hengande premie!
Dette var ein hektisk dag, men innhaldet var både spanande og lærerik!
Fin tilbakemelding fekk vi og!
"Alt gikk fint i går, og elevene var super-positive. Jeg er skikkelig imponert over elevene. " (Kai Grieg FN-Sambandet)