Hopp til hovedinnhold

Informasjonsmøte torsdag 4. mai

Oversiktsbilete av verkstaden

Torsdag 4. mai kl. 16.00 inviterer Høyanger vgs. til informasjonsmøte for vaksne om vidaregåande opplæring i teknologi- og industrifag i auditoriet på Høyanger vgs.

Du har kanskje lurt på om du skal ta utdanning innan teknologi- og industrifag?
Med vidaregåande opplæring i vg2 Industriteknikk kan ein mellom anna ta fagbrev som industrimekanikar eller som produksjonsteknikar.
Høyanger vgs. skal sette i gang opplæring spesielt organisert for vaksne hausten 2023.
Vi inviterer difor til eit informasjonsmøte på Høyanger vgs. der både bedrifter og kandidatar kan få meir informasjon om tilbodet.

Som vaksen er det ofte utfordrande å starte på eit ordinært skuleløp. Opplæringstilbod spesialt organisert for vaksne tek omsyn til det, og skal i størst mogeleg grad legge til rette for den enkelte.

Vanlege spørsmål som du skal få svar på;

  • Kor lang tid tek utdanninga?
  • Kva for fag må eg ta?
  • Må eg gå på skulen kvar dag?
  • Kan eg få godkjent noko av praksisen min? Kan eg få all praksis her eg bur?
  • Kva vil det koste meg økonomisk?

    Og sannsynlegvis mange fleire spørsmål.

Vi ønskjer å gi deg best mogleg informasjon slik at du ser kva som er den beste løysinga for deg. Vi har difor invitert med vaksenopplæring frå rettleiingstenesta i Vestland, PRO Vestland Opplæringskontor, samt NAV Høyanger/Sunnfjord.

Du kan melde deg på ved å sende namnet ditt på e-post til: stale.walsvik@vlfk.no eller på SMS 99398989.

Vi ønskjer å vite kor mange som kjem og set difor påmeldingsfrist tysdag 2. mai.