Hopp til hovedinnhold

Foreldremøte for vg2 Yrkesfag

Ein kalender og forstørrelsesglas

Det årlege møte med føresette til vg2 elevar på yrkesfag vert onsdag 11. januar kl. 18:00.

Møte vert i kantina på Høyanger vidaregåande skule.  

Tema for møte er informasjom om kva NAV og skulen birdrg med i elevane sin prosess med å søkje læreplass, og kor viktig det er at føresette deltek i prosessen.  

NAV orienterer om:

  • Arbeidsmarknaden i dag.
  • Tal læreplassar i vår bu- og arbeidsregion.
  • Kor finn eleven ledige læreplassar?
  • Bør eleven søkje utanfor eigen kommune?
  • Kva skal vere med i ein god søknad og CV.

Skulen orienterer om:

  • Karriererettleiing
  • Kva er Vigo og kvifor er det viktig å søkje i Vigo.
  • Kva gjer skulen for å hjelpe elevane i søknadsprossen.
  • Korleis følger skulen opp elevane utover våren.
  • Kva tilbyr fylket elevar som ikkje får læreplass og korleis følger skulen dei opp.

Det vert og lagt opp til klassevise møte med kontaktlærarane og det vert informasjon om utveksling med EUC Syd i Danmark i veke 16 og 17 (Erasmus).
Tidsramme for møte er 1,5-2 timar.

Kontaktpersonar er rådgjevar Ingunn Eikås (412 65 840)  og avdelingsleiar Ståle Walsvik (993 98 989).  

Velkomen!