Hopp til hovedinnhold

Fjelldag

Ein elev står på ein fjelltopp og ser utover

Høyanger vgs. starta skuleåret med å invitere elevane på fjellet.

Allerede i første veka kasta vi oss rundt og fekk til ein fjelldag.  Værmeldinga gav oss eit smutthol i gråværet og lova sol frå blå himmel torsdag 24. august. 
Først vart det arrangert felles frokost på skulen for alle i regi Magnar. Deretter var det å komme seg til fjells. 
Nokre elevar gjekk heilt frå skulen til Toppenhytta – sterkt! Andre fekk skyss til fjells før dei siktet seg inn mot Toppenhytta, Blåfjell eller Synken.  Tre flotte turar.
Det vart oppretta ein basecamp ved Bergsvatnet kor ein hadde felles grilling. Her var nokre elevar ute på SUP brett, medan andre bada.  Ein fin, fin dag på fjellet!

Takk til sporty elevar og lærarar, og takk for hjelpa til dei som stod for transport. Ein spesiell takk til tidlegare kollega Jardar som kjørte Høyangbussen.