Fredag 20. september arrangerte skulen fjelldag.
Etter felles frukost i kantina og med solskinn på toppane rundt Høyanger var det klart for fjelldag for elevar og lærarar. Ein kunne velje mellom ulike turar eller berre vere på basen ved Bergsvatn. Her kunne ein bade, spille badminton, prøve supbrett eller kanopadling. Det var og lagt til rette for grilling og rebusløp. Ein strålande fin dag, sjølv om ikkje utsikta vart slik ein hadde håpa på for alle. For utover dagen la det seg eit tåkelokk over Sognefjorden. Men over tåka var det vakkert. Vedlagt ligg bilete frå Nonsfjellet og frå Blåfjell.

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
