Torsdag 17. mars hadde tre klassar ei felles kroppsøvingsøkt
Kroppsøvingslærarane Erlend Skreien og Dan Longfellow nytta økta til å gjennomføre ei intern "jobshadowing". Noko som dei har hatt planar om å gjere lenge, men som ikkje har latt seg gjere pga. koronarestriksjonar. Økta hadde dei i lag 2STA, 1HOA og 2HEAA.
Tema var basketball og det var Dan som hadde ansvaret for sjølve gjennomføringa, medan Erlend si oppgåve var å observere økta si oppbygging, gjennomføring og kommunikasjon mellom lærar og elevgruppa. Etter økta hadde dei dei oppsummering og refleksjon.
Elevane sitt utbytte av denne økta var trening på samhandling på tvers av dei vanlege gruppeinndelingane.
Kva er jobshadowing?
Det å observere ein kollega i undervisning og anna arbeid kan vere lærerikt og utviklande både for den som observerer og den som blir observert. Når dette er planlagt på førehand, og gjerne med spesifikk fokusområde, kallar vi det jobshadowing. Som oftast vil dette føregå over ein periode på fleire dagar, men det kan og vere korte økter.