Hopp til hovedinnhold

Erasmus+ Italia 2023

Fire elevar på utflukt i Venezia

I førre veke var ei gruppe med fire elevar og to lærarar i Italia i samband med Erasmus+ prosjektet.

Byen dei besøkte var Padova som ligg vel ein time nord for Venezia.  Her samarbeida elvane i lag med elevar frå Danmark, Sverige, Baskerland og vertslandet Italia. Erasmus+ er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt kor elevane utvekslar erfaringar med andre skular om kultur, samfunn og læremetodar i andre land. Tema for dette møte var "vatn" og elevane deltok mellom anna i diskusjonar og i feltarbeid kor dei tok vassprøvar i nærområda rundt Padova. 

Nest siste dag fekk elvane reise på utflukt til Venezia.  Dette var nok eit høgdepunkt for mange av deltakarane.  For våre fire deltakere var det første gongen dei var i denne flotte og historiske byen.

Det var og laga ein film frå Italiaturen som du må sjå!