Hopp til hovedinnhold

Erasmus+ i Italia

Elevar og lærarar står oppstilt til fellesbilde på skuletur til Venezia

I veke 9 var fire elevar og ein lærar på tur til Piazzola Sul Brenta i Italia.

Madeleine (1STA), Helene (1STA), Thomas (2STA) og Helene (2STA) reiste saman med Erlend i samband med Erasmus+ prosjektet “We are the people we have been waiting for”. Vi skulle møte våre europeiske samarbeidsskular til fem dagar med samarbeid, forelesingar, ekskursjonar og nye vennskap. Arbeidstittelen for veka var “Information and knowledge - do we trust the media and which media do we trust?”. Saman med elevar frå den italienske vertsskulen, og tilreisande frå Bilbao i Baskerland, Alzey i Tysklande og Hillerød i Danmark, fekk vi oppleve ei hektisk og lærerik veke saman. Italienarane hadde førebudd eit godt program som ivaretek både det faglege fokuset, men også gav rom til at vi kunne oppleve området saman med dei andre deltakarane.
Piazzola Sul Brenta er ein liten by like utanfor Padova i nord Italia. Padova er ein av Italias eldste byar og er ein by som er rik på historie og kultur. Den kan skilte med Italias nest eldste universitet, katedral med måleri av ein av dei største renessansekunstnarane Giotto. Denne byen er også kanskje kjend for fleire i Høyanger då området også er kjend for sin industri, og tidlegare var nært knytt til aluminiumsprodukt her heimefrå.
I løpet av dagane saman fekk vi oppleve “vanleg” undervisning på ein italiensk vidaregåande skule, vi besøkte regionsavisa og snakka med redaktøren der, vi var også på besøk hos nemnte universitets eigen radio- og nettavis og vi fekk ei eiga forelesing frå ein av universitets doktorgradsstudentar om temaet “disinformasjon”. I ordentleg vestlandsvêr besøkte vi også Venezia som ligg ein liten time unna. Vi trong ikkje plumpe i kanalen for å bli våte denne dagen, himmelen opna seg verkeleg, men dette la ikkje nokon dempar på opplevinga. Både elevane og Erlend hadde nokre fine dagar i Italia, og vi gler oss til vi skal vere vertskap første veka i april!


Les meir om Erasmus+ og internasjonalt arbeid ved Høyanger vgs.