Hopp til hovedinnhold

Eit reisebrev frå fire elevar på tur til Hillerød i Danmark

Elever og lærere fra Danmark, Italia, Tyskland, Baskerland og Norge står oppstilt i ein gymsal

Det var Caspian i 1STA samt Stina, Jakob og Simon i 2STA som var på tur til Danmark i førre veke i lag med lærar Jan Ove.

Dag 1:
Etter at Simon hadde forklart til personalet på flyplassen, at grunnen til at sekken hans ikkje kom gjennom tollen, var at han hadde gløymt å tømme drikkeflaska, var vi klare for å fly til København. Etter ein litt forsinka flytur og nokre togbyte var vi framme i Hillerød og vart henta av vertsfamilien. 
Dag 2:
Første offisielle dag i Hillerød. Den byrja med at vi var på skulen og hadde «speed-dates» for å bli kjent. Deretter var det «brainstorming» øvingar, før vi gjekk over til ei øving der vi skreiv ned korleis vi kunne koble ulike biletet og statistikker til demokrati på post-it lappar. Etter lunsj hadde vertane vanlege undervisning medan vi andre var på byvandring i Hillerød. Vi hadde middag med vertsfamiliane og møttest idrettshallen på kvelden for valfrie aktivitetar.  Etterpå var vi på ungdomsklubb og åt nystekte vaflar.
Dag 3:
Dagen byrja tidleg. Kl. 07:56 tok vi toget og metroen til København og besøkte ein øy som heiter Ungdomsøen (Youth Island). Dette er ei øy kor ungdom bur og jobbar med ulike prosjekt. Hovudmålet er å skape ein plass kor ungdom sin stemme er viktige og blir høyrt. Vi gjorde ulike prosjekt og lærte ein god del om øya. Vi fekk omvisning og gjorde ei øving der vi lagde vårt eiget samfunn og valde kva for nokre verdiar som var viktige for oss. Etterpå fekk vi fri til litt sightsseeing og shopping i København, før vi alle møttest på ein restaurant med namnet «Send flere krydderier». Dei laga rettar frå ulike land og vi fekk mellom anna smake på marokkansk suppe. På kveldstid var det valfrie aktivitetar.
Dag 4: 
Denne dagen fulgte vi vertane våre i to skuletimar. Vi hadde ulike fag og difor veldig ulike opplevingar.  Etter skulen gjorde oss klare til «potluck». Da tok dei danske elevane med seg mat og vi hadde ein stor buffé. Deretter hadde ulike aktivitetar idrettshallen, før vi alle møttest att og fekk lære å danse «Les Lanciers». Så var det berre å finne seg ein partnar.  Vi dansa ei lita stund og det var ei oppleving som eg trur vi seint kjem til å gløyme. 
Dag 5:
Etter felles frukost med deltakarane var det tid for heimreise og kl 08:45 måtte vi ta farvell til alle dei gode menneska vi hadde blitt kjent med. Etter ei nesten 12-timars reise var vi endeleg heime. Og snipp snapp snute så var Hillerød-eventyret ute.