I dag hadde skulen besøk av Bergen internasjonale filmfestival (BIFF).
Dei som var til stades fekk sjå tre heilt ulike filmar i løpet av dagen. I tillegg fekk vi møte Berat Jusufi, som er hovudkarakter i filmen "Krigere". Han fortalte om filmprosjektet som handlar om ein del av livet hans. Ingebjørg Aarhus Braseth er turnékoordinator frå BIFF og filmskapar Thomas Østbye fortalte om sitt dokumentarprosjekt "Å stille seg i veien" - om miljøkamp og sivil ulydigheit. Til slutt såg vi kortfilmen "Planktonium" om plankton sett gjennom mikroskop.
Vel 100 elevar deltok.
Les meir om denne framsyninga som Den kulturelle skulesekken har kalla Himmel, hav og meistring