Høyanger vgs har fokus på miljø og berekraft i "berekraftsvekene" i november.
1STA arbeider med eit tverrfagleg prosjekt der dei mellom anna skal sjå på korleis Høyanger kommune må forholde seg til berekraftsmåla i si planlegging.
Elevane besøkte rådhuset tysdag 14.11 og fekk møte plan- og bygningsavdelinga ved Synne, Bjørn, Janne, Einar og Kjartan.
Kva står om berekraft i kommuneplanane, og kva må ein ta omsyn til når ein skal jobbe med reguleringsplanar? Dette er nokre av spørsmåla elevane fekk svar på. Vi fekk også ei synfaring på kaia der ein har planlagt ny brannstasjon, og i Elvegata der ein er gang med utbetringsarbeid.

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene