- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Litt om skulen vår
Høyanger vidaregåande skule held til i eit moderne skulebygg sentralt i Høyanger, tett ved Høyangerbadet og idrettsanlegget. Frå skuleåret 2025-2026 har vi tilbod innan programområda elektro- og datateknologi, teknologi- og industrifag, helse- og oppvekstfag, samt påbygg. For dei som er over 19 år tilbyr modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) i helsearbeidarfaget. Vi har også tilbod om Vg1 og Vg3 på studiespesialiserande. Er du interessert i idrett? Vi har og tilbod om toppidrett også for elevar på yrkesfag. Les meir på "Utdanningstilboda våre" på denne sida.
Siste skuleveka
Den 16. juni er det melding om munnleg. Den 17. juni er det skulekino kl. 09:30 "Facing war". Den 18. juni er det munnleg eksamen og avslutning for vg3 på kvelden. Den 19. juni er det felles sommaravslutning med grilling fra kl. 11:00. Det er og innlevering av skulebøker. Sjå lenke.
Toppidrett
Veljer du Høyanger vidaregåande skule får du moglegheit til å satse på toppidrett!! Dette gjeld både for elevar på yrkesfag og studiespesialisering. I år tilbyr vi fotball, men håpar å gje tilbod om handball frå neste skuleår. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med oss.Aktuelle saker
10.04.2025
Internasjonal veke med fokus på energi og fellesskap i Høyanger
Høyanger vidaregåande skule har nyleg vore vertskap for ei inspirerande veke med partnarskulane gjennom Erasmus+ programmet. Gjestane kom frå Piazzola Sul Brenta i Italia, Bilbao i Baskerland, Alzey i Tyskland og Hillerød i Danmark.

20.03.2025
Ariell Olive Fredriksen og Sigve Dale er fylkesmeisterar i elektrikarfaget
Tittelen fekk dei etter å ha vunne konkurransen som vart arrangert på Høyanger vgs onsdag 19. mars.
