Container utanfor skulen

Ombygging ved skulen

I førre veka starta ombygginga av tannklinikken og Høyanger vgs.

Arbeidet med å utvide tannklinikken er no i full gang.  Dette medfører at Høyanger vgs må gi frå seg areale og det skal m.a. byggast nytt kjemirom og auditorium.

Det gamle auditoriet vert nytt kjemirom og det vert bygd nytt auditorium der det var keramikkrom tidlegare.  Det er sett av vel ni månader til arbeidet.

Det vil sjølvsagt bli ein del støy i samband med ombygginga.  Rektor viser til interne meldingar i TEAMS til skulen sine elevar og tilsette.

Tannhelsetenesta har fått midlertidig lokale på Sande.  På skulen har ein lagt til rette for å ha møter/samlingar både på personalrommet og i kantina.   

Informasjon frå utbyggar

Tips ein ven Skriv ut