Hopp til hovedinnhold
Oppstillingsbilete av klasse 1TPA

Litt om skulen vår

Høyanger vidaregåande skule held til i eit moderne skulebygg sentralt i Høyanger. Frå skuleåret 2025-2026 har vi tilbod innan programområda elektro- og datateknologi, teknologi- og industrifag, kjemiprosess- og laboratoriefag, helse- og oppvekstfag, samt påbygg for lærlingar. For dei som er over 19 år tilbyr vi modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) i helsearbeidarfaget. Dette skuleåret har vi berre tilbod om vg3 på studiespesialiserande. Er du interessert i idrett? Vi har tilbod om toppidrett også for elevar på yrkesfag.
Tre med haustfargar

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2025/2026

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Vestland skal gjennomføre ei undervisningsevaluering. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper.
Elevar gjer balløvelsar på ei kunstgrasbane

Toppidrett

Veljer du Høyanger vidaregåande skule får du moglegheit til å satse på toppidrett!! Dette gjeld både for elevar på yrkesfag og studiespesialisering. I år tilbyr vi fotball, men håpar å gje tilbod om handball frå neste skuleår. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med oss.

Aktuelle saker

24.10.2025

Internasjonal dag

Torsdag 23. oktober arrangerte skulen internasjonal dag.

Fire elevar sit rundt eit bord og diskuterer. FN flagget heng i bakgrunn
09.10.2025

Elevundersøkinga 2025

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking kor elevar får si si meining om læring og trivsel i skulen.

Illustrasjon av skulebygget i oransje farge med eit svart eiketre ved sida av
12.09.2025

Tryggleikskurs for vg1 og vg2 elevane

Kvar haust arrangerer skulen tryggleikskurs.

Ein person slokker brann med brannslokkingsapparat