- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Litt om skulen vår
Høyanger vidaregåande skule held til i eit moderne skulebygg sentralt i Høyanger. Frå skuleåret 2025-2026 har vi tilbod innan programområda elektro- og datateknologi, teknologi- og industrifag, kjemiprosess- og laboratoriefag, helse- og oppvekstfag, samt påbygg for lærlingar. For dei som er over 19 år tilbyr vi modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) i helsearbeidarfaget. Dette skuleåret har vi berre tilbod om vg3 på studiespesialiserande. Er du interessert i idrett? Vi har tilbod om toppidrett også for elevar på yrkesfag. Les meir på "Utdanningstilboda våre" på denne sida.
Velkomen til nytt skuleår ved Høyanger vgs.
Frå neste skuleår vert skulekvardagen på Høyanger vgs. noko endra. Undervisningstid vert måndag til fredag frå kl. 08:15-15:15. Fyste skuledag er 18. august. Du møter i skulekantina kl. 08:15. Vi skal ta godt imot deg. Velkomen!
Toppidrett
Veljer du Høyanger vidaregåande skule får du moglegheit til å satse på toppidrett!! Dette gjeld både for elevar på yrkesfag og studiespesialisering. I år tilbyr vi fotball, men håpar å gje tilbod om handball frå neste skuleår. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med oss.Aktuelle saker
10.04.2025
Internasjonal veke med fokus på energi og fellesskap i Høyanger
Høyanger vidaregåande skule har nyleg vore vertskap for ei inspirerande veke med partnarskulane gjennom Erasmus+ programmet. Gjestane kom frå Piazzola Sul Brenta i Italia, Bilbao i Baskerland, Alzey i Tyskland og Hillerød i Danmark.

20.03.2025
Ariell Olive Fredriksen og Sigve Dale er fylkesmeisterar i elektrikarfaget
Tittelen fekk dei etter å ha vunne konkurransen som vart arrangert på Høyanger vgs onsdag 19. mars.
