Hopp til hovedinnhold
Oppstillingsbilete av klasse 1TPA

Litt om skulen vår

Høyanger vidaregåande skule held til i eit moderne skulebygg sentralt i Høyanger. Frå skuleåret 2025-2026 har vi tilbod innan programområda elektro- og datateknologi, teknologi- og industrifag, kjemiprosess- og laboratoriefag, helse- og oppvekstfag, samt påbygg for lærlingar. For dei som er over 19 år tilbyr vi modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) i helsearbeidarfaget. Dette skuleåret har vi berre tilbod om vg3 på studiespesialiserande. Er du interessert i idrett? Vi har tilbod om toppidrett også for elevar på yrkesfag.
Logo kor det står Nok. Sogn og Fjordane

Nok. Sogn og Fjordane kjem til Høyanger vgs.

Nok. er eit tverrfagleg lågterskel og gratis hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep. Dei er og ein fagressurs som tilbyr rettleiing og undervisning til skuleklassar. Det er i den samanhengen dei kjem til skulen onsdag 17. september. Dei skal ha to økter, vg1 kl. 09:55 og vg2 kl. 10:45.
Elevar gjer balløvelsar på ei kunstgrasbane

Toppidrett

Veljer du Høyanger vidaregåande skule får du moglegheit til å satse på toppidrett!! Dette gjeld både for elevar på yrkesfag og studiespesialisering. I år tilbyr vi fotball, men håpar å gje tilbod om handball frå neste skuleår. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med oss.

Aktuelle saker

12.09.2025

Tryggleikskurs for vg1 og vg2 elevane

Kvar haust arrangerer skulen tryggleikskurs.

Ein person slokker brann med brannslokkingsapparat
21.08.2025

Skuleval 2025

Høyanger vidaregåande skule skal gjennomføre skuleval onsdag 27. august.

Vallogo med norske løva og gullskrift på kvit bakgrunn
12.08.2025

Foreldremøte

Onsdag 27. august inviterar vi til foreldremøte.

Illistrasjonsbilete av skulebygningen i oransje farge med blå himmel