Politiet

TRYGG RUSSETID

Russetida er i gang!  Da er det greit å minne avgangselevane på om forventningar, lovar og reglar.  Dette gjer skulen ved å arrangere "Trygg Russetid"

Torsdag 25. april var 56 raud og svart russ samle til den årlege informasjonsdagen knytt til russefeiringa.

Rektor opna dagen med å seie litt om hennar forventningar til russen.  Ho er oppteken av at dei tek vare på kvarandre og at dei kler seg godt når dei er på treff, men minna dei og på at dei har to månader att på skulen pluss eksamen.  Det er difor viktig å halde seg frisk!

Deretter kom tre unge politibetjentar frå Høyanger Lensmannskontor og snakka om lovar og reglar.  Dei er opptatt av at elevane skal ha ei kjekk russetid, men at dei held seg innanfor lovene og sett grenser.  

Sanitene var neste ut. Dei var representer ved helsesjukepleiar Elisbeth som snakka om kampanjen deira; JA BETYR JA.  Bakgrunnen er å forebygge festvoldtekter blandt ungdom.

SMISO som er senter for incest og seksuelle overgrep holdt ein apell til russen.  Katrine og Elin hadde også voldtekt som sitt tema og viste m.a. ein film om konsekvensane av ei slik handling/oppleving. 

Både Saniteten og SMISO hadde med "give aways" til russen.

Siste etat ut var staten vegvesen ved Sissel og Svein.  Dei hadde trafikktryggleik som tema.  Dei informerete om kor viktig det er å bruke bilbelte, å ha ein trafikkgodkjend bil samt at ein ikkje må ha lause delar i bilen.  Dette kan gjere stor skade ved ei evt. ulukke.  Dei viste og nokre filmar der tema var fart, og om konsekvensar ved å køyre for fort.  Dei oppmoda russen til å køyre varsamt og følgje fartsgrensa.

Til slutt samla vegvesenet elevane i hesteskoen der dei fekk teste ut Velte-Petter og promillebriller.

Her er nokre bilete frå dagen;

Tilskodarar

Elevar

Helsesjukepleiar Elisabeth

Tilskodarar

Smiso

Sissel og Svein

Takk til alle som stilte opp på denne dagen!

 

Tips ein ven Skriv ut