Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Fire elevar i samtale i eit klasserom

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Målet vårt er å gje deg ei god oppleving av skulen samstundes som vi skal førebu deg til vidare studium.  Høyanger vgs. er ein liten skule, og det betyr at vi kan følgje deg tett opp! Som elev på studiespesialisering kan du få moglegheit å reise til land som vi samarbeider med i Erasmus+. 

Høyanger vgs. skal i løpet av skuleåret verte ein del av Førde vgs.

Vg1 studiespesialisering vert eit søkbart tilbod ved Høyanger vgs. for skuleåret 2026-2027.

Vel du vg1 studiespesialisering er opplæringa organisert med tre dagar undervisning i Høyanger og to dagar i Førde. På Førde vgs. skal du ha matematikk og 2. framandspråk. Undervisninga er lagt til tider på dagen slik at du kan følgje skuleskyss fram og tilbake, utan at skuledagen vert unormalt lang.  På denne måten vert også kjent med skule og elevane på Førde vgs.

Studiespesialisering (studieførebuande utdanningsprogram) passer godt for deg som trivs med teoretiske fag som norsk, framandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Dei som vel studiespesialisering har som regel planar om vidare utdanning på universitet eller høgskule, og utdanningsprogrammet gjev deg eit solid grunnlag til å studere vidare både i Noreg og i utlandet.
Du vel fordjuping innan

  • realfag
  • språk, samfunnskunnskap og økonomi

Erasmus+

Skulen i Høyanger har lang tradisjon med reiser til utlandet gjennom Erasmus+.  Desse opphalda er både lærerike og sosiale. Vi meiner og at det har stor verdi å bli kjent med folk frå andre land. Det gis deg innsikt og kunnskap både om deg sjølv og verda!  Dette er viktigare enn nokon gong. 

Vg2 og vg3 studiespesialisering vert ikkje sett i gang i Høyanger skuleåret 2026-2027.