Hopp til hovedinnhold

Skuleval 2025

Vallogo med norske løva og gullskrift på kvit bakgrunn

Høyanger vidaregåande skule skal gjennomføre skuleval onsdag 27. august.

Program for dagen:
Det vert debatt og valtorg på samfunnshuset frå kl. 09:00 - 11:00
Etter debatten i kinosalen vert det valtorg i festsalen fram til kl 11:00. Elevane skal vere på valtorget. Sjølve valet vert gjennomført på skulebiblioteket på Høyanger vgs. etter lunsj. Klassane vert henta når dei skal stemme, og dei går attende til time når dei er ferdig.

På valdagen møter elevane til første time. Faglærar og klassen går kjapt gjennom klassen sine spørsmål og sjekkar at alt er klart før elevane går til samfunnshuset. Dei må vere på samfunnshuset kl. 08:50.

Det er tre tema som er aktuelle for debatten:

  • Skulepolitikk
  • økonomisk politikk
  • tryggingspolitikk


Utanom Stortingspartia vil Venstre og MDG (miljøpartiet de grønne) delta i debatten.