Hopp til hovedinnhold

Internasjonal veke med fokus på energi og fellesskap i Høyanger

Gruppebilde av elevar i besøkfrakk og hjelm på besøk hos bedrifta Hydro Recycling

Høyanger vidaregåande skule har nyleg vore vertskap for ei inspirerande veke med partnarskulane gjennom Erasmus+ programmet. Gjestane kom frå Piazzola Sul Brenta i Italia, Bilbao i Baskerland, Alzey i Tyskland og Hillerød i Danmark.

Hovudtema for veka var «Conflict and change - Energy in Europe», med fleire undertema knytt til energi. Veka starta måndag kveld med ankomst til Nordeide, kor elevane vart henta av vertsfamiliane, medan lærarane vart innlosjert på hotell.

Tysdag morgon ønska rektor velkomen og dei fekk ei orientering om vekas program før vi gjekk i idrettshallen og hadde ei danseøkt med Dan Longfellow. Dette er ein fin måte å «bryte isen» og bli litt betre kjend. Deretter gjekk turen til rådhuset kor vi vart teken imot av varaordførar Geir Helge Østerbø – som på vegne av Høyanger kommune både ønska alle velkomne til Høyanger òg spanderte lunsj. Så vart kommunestyresalen for anledninga omgjort til klasserom for vidare gruppearbeid.

Onsdag fekk vi et djupdykk i lokale energispørsmål ved å besøke ulike bedrifter i Høyanger Næringspark. Her lærte vi mellom anna korleis firmaet Gjenkraft ved Svein Tore Torvund bidreg til å løyse utfordringar i vindkraftbransjen knytt til utrangerte turbinblad, og Hydro Havrand sine planar om bruk av grønt hydrogen i resirkuleringsanlegg sitt for aluminiumsskrap.  Randi Torkildsen frå Hydro Havrand og Andreas Forfod frå Hydro Re-cycling Høyanger gav oss innblikk i aluminiumsproduksjon opp mot vårt tema som var energi. Siste halvdel av dagen var vi tilbake på skulen der vi fortsette med gruppearbeidet.

Torsdag tok Statkraft i mot oss i kraftstasjonen øvst i dalen – 650 meter inn i fjellet. Også her fekk vi nærkontakt med energiproduksjon og kvifor dette er så viktig og sentralt for Høyanger samfunnet. Og når vi først var i området tok vi like greitt ein «kjapp» tur opp trappene. Alle elevar òg lærarane kom seg opp dei 2400 trappetrinna!!!

Etter skuletid var det også sosiale aktivitetar som var organisert og planlagt av elevane våre. Det var fellesmiddag på skulen, tur til Førde for å bowle, nokon var i Høyangerbadet andre på båttur på fjorden – og alle var saman siste kvelden for prat, mat og sosialt samvære.
Evalueringa frå elevane viser at dei synes opphaldet i Høyanger har vore ei positiv oppleving. Mange uttrykte også eit ønske om å delta i liknande internasjonale prosjekter i framtida, ofte med henvisning til læringa om energi og møtet med nye menneske.

For Høyanger vidaregåande skule er internasjonalisering ein sentral del av skulekvardagen. Skulen ønsker å bevisstgjere elevane om at Europa kan vere ein framtidig studie- eller arbeidsplass, og at erfaring frå internasjonalt samarbeid gjev eit nytt perspektiv. Opphaldet i Høyanger vart ikkje berre ei fagleg reise, men også ein unik moglegheit for kulturell utveksling og personleg vekst.