Informasjon om inntaket og litt om skulestarten
Dei tre inntaka i Vestland fylkeskommune
Første inntak er 7. juli med svarfrist 16. juli.
Andre inntak er 22. juli med svarfrist 30. juli.
Tredje inntak er 8. august og du svarar ja til plass ved å møte opp første skuledag.
Dersom du ikkje har førehandssvart ja og ikkje svarar ja til plass innan svarfristen, misser du plassen du har fått.
Første skuledag for elevane er 21. august
Melding om kor tid du skal møte på skulen finn du på skulen si heimeside. Merk at du ikkje kan rekne med å få fri til feriereiser ved skulestart. Tilbodet om skuleplass gjeld berre for første skuledag. Det er eleven sitt ansvar å møte på skulen til rett dag/tid. Dersom du ikkje møter første skuledag, og ikkje har fått formell skriftleg permisjon frå skulen, har du ikkje rett til å få tilbake plassen dersom du møter fram seinare. Du vil også bli plassert nederst på eventuell venteliste før skulen kan gi deg nytt tilbod om plass.
Skyss
Hugs å søke skuleskyss dersom du treng dette. Du får ein eigen sms om å søkje skuleskyss same dag eller dagen etter du har takka ja til skuleplass.
Nytt for neste skuleår er skuleskyssbillett på mobil i staden for kort. Den nye løysinga er valfri og elevar som ønsker det, kan fortsette med dagens løysing med kort.
Du vil og kunne lese om den nye løysninga i den same sms'en.
Du kan lese meir om skuleskyss og korleis du skal søke ved å følgje denne lenka.
Låneavtale
Alle som tek imot skuleplass må signere ein avtale om villår for utøån av læremiddel. Dette er i digital løysing.
Du kan lese meir om lånkekontrakt og korleis du skal søke ved å følgje denne lenka.
Dersom du ikkje kan levere digitalt kan du få utlevert papirskjema på skulen. Hugs å få signatur av ein føresett dersom du er under 18 år. Det gjelder og for digitalt skjema. Det er viktig at du som elev signerar først, deretter blir det sendt til eit signeringsoppdrag til den føresette.