Erasmus+ i Bilbao - Digital framtid og internasjonalt samarbeid.
I veke 4 deltok fem elevar frå vg3 i Høyanger på Erasmus+ partnarskapsmøte i Bilbao i Baskerland. Saman med lærarar frå Høyanger og Førde vgs., møtte dei elevar og tilsette frå Danmark, Italia og Tyskland for ei veke fylt med læring og nye impulsar.
Hovudtemaet for samlinga var «Youth shaping Europe’s digital Future». Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling fekk elevane utforske dagsaktuelle tema som:
- Moglegheiter og utfordringar ved bruk av kunstig intelligens (KI).
- Digital teknologi innan moderne landbruk.
- Kritisk vurdering av nyheitsformidling og sosiale medium.
- Kulturell utveksling og fagleg påfyll
I tillegg til temaøktene tok elevane del i den ordinære undervisninga ved skulen i Bilbao. Det vart også lagt til rette for eit variert kulturelt program, med besøk på Guggenheimmuseet, omvising på heimearenaen til fotballklubben Athletic Bilbao og byvandring i den historiske gamlebyen.
Gjennom å bu hos lokale vertsfamiliar fekk elevane kjenne på både likskapar og ulikskapar mellom spansk og norsk kvardagsliv. Det viste seg at baskarane sitt rykte for å vere opne, utovervendte og stolte av heimstaden sin, har mange likskapstrekk med den vestlandske identiteten.
Ein utvida horisont
Veka i Bilbao har vore innhaldsrik og lærerik, og har resultert i både nye vennskap og auka forståing for europeisk samarbeid. Vi sit att med mange gode inntrykk og ser fram til å halde fram det gode samarbeidet.
Vi gler oss til besøk i Høyanger!
Allereie i veke 12 er det vår tur til å vere vertskap. Då kjem dei europeiske samarbeidspartnarane våre på besøk til Høyanger, og vi ser fram til å vise fram bådeskulen og bygda vår.



Faktaboks 1:
Ny skulestruktur og internasjonalt samarbeid. Kvifor deltok også leiinga frå Førde vgs. på reisa?
Ny organisering: Frå 1. januar 2026 vart Høyanger vidaregåande skule ei avdeling under Førde vidaregåande skule.
Vareta kompetanse: Høyanger har i mange år opparbeidd seg unik røynsle og eit breitt nettverk innan internasjonalt arbeid i Europa. Dette gjeld både for studiespesialisering og yrkesfaga.
Overføring av kunnskap: For å sikre at denne kompetansen og dei etablerte samarbeidsnettverka vert førte vidare inn i den nye skulestrukturen, er det viktig å involvere både leiing og lærarar frå Førde.
Felles framtid: Ved å invitere med representantar frå Førde til partnarskulen Botikazar i Bilbao, legg vi til rette for eit godt samarbeid som kjem alle elevane i den nye organisasjonen til gode.
Faktaboks 2:
Høyanger vidaregåande skule er aktivt engasjert i internasjonale prosjekt for å fremje global forståing og samarbeid. Skulen deltek i ulike utvekslingsprogram og samarbeider med skular i fleire europeiske land.
Gjennom Erasmus+ programmet deltek Høyanger vgs i prosjekt som “We are the people we have been waiting for”. Dette gir både lærarar og elevar moglegheita til å delta i internasjonale møter, forelesingar, ekskursjonar og kulturelle utvekslingar. Dette skuleåret vitjar elevar desse landa: Baskerland, Tyskland, Danmark og Italia.
