Høyanger vidaregåande skule deltek i ulike utvekslingsprogram og samarbeider med skular i fleire europeiske land.
I uke 12 var vi vertar for nasjonane: Baskarland, Danmark, Italia og Tyskland, gjennom Erasmus+ programmet som er finansiert av EU.
Det å reise ut er verdifullt for nye perspektiv og opplevingar, som kan vere verdifulle å ta med seg heim. Når vi reiser ut i verda får vi òg eit anna perspektiv på kvardagen vår heime. Og når vi er vertskap for andre som kjem til oss i Høyanger får vi ikkje berre aneldning til å vise fram det vi har å by på, men det gjer òg at vi kanskje må reflektere litt over kva er det vi har, kvifor gjer vi ting på den måten vi gjer og korleis kan vi fortelje vår "historie" til gjestane åre.
Under besøksveka i Høyanger hadde vi fokus på temaet ressursar. Kraft og energi som ein ressurs, minaraler i jorda som ressurs og gjenbruk av ressursar.
Eit av hovudmåla med Erasmus-samarbeidet er at elevar frå ulike nasjonar får utforske dei utfordringane og mogelegheitene som finst i Europa. Så det vi snakke om under dagane i Høyanger gjeld ikkje berre oss her på vestlandet, men det er problemstillingar og utfordringar som gjeld alle landa i Europa.
Ettersom Høyanger si historie og kvardag er sterkt prega av industri og energi hadde vi eit glimrande utgangspunkt for eit godt fagleg opplegg for den korte veka.
Måndag ettermiddag vart elevar og lærare frå Bilbao, Hillerød, Piazzola Sul Brenta og Alzey møtt av vertselevane i 3STA på Nordeide kai då dei ankom med ekspressbåten frå Bergen. Då tysdagen kom var det oppmøte på skulen til vanleg tid, og på planen var det kraft og energi som var tema. Kåri Hønsi frå Statkraft hadde tatt turen til skulen for å fortelle om, ikkje berre kraftproduksjon i Høyanger, men og kva utfordringar både Noreg og Europa stor framfor både med tanke på det grøne skiftet, men og den politiske uroa i verda. Etter lunsj var det besøk på Hydro og omvising i produksjonen. Elevane fekk ei nær oppleving av eit døme på ei kraftkrevjande industri. Dagen vart avslutta saman med lokale Statkraft ansatte dypt inne i fjellet. I Eiriksdalen vannkraftverk, ved foten av trappene i dalen. Nokre av elevane tok òg utfordringa med å klatre dei 2400 trinna.



Dagen etter tok vi turen til Førde vidaregåande skule. Her hadde dei besøkande lærarane saman med Erlend og Kristin fra Høyanger vgs møte med representantar frå både leiing og lærare ved skulen i Førde for å sjå litt på kva moglegheiter vi har til å vidareføre Erasmus+ prosjekta no når Høyanger vgs er ein del av Førde-skulen. Deretter var det faglege fokuset på planen saman med elevane "mineral og gruvedrift". Nordic Mining tok til turen til Førde vgs kor dei presenterte både bedrifta og deira aktivitetar, men dei hadde òg eit meir overordna perspektiv på kva som skjer i verda med tanke på tilgang til verdifulle mineral ein treng i det grøne skiftet.
Deretter starta elevane på eit gruppearbeid med ulike problemstillingar som dei jobba med resten av dagen før dei avslutta med sosialt samvær i Førde; både bowling og felles middag stod på planen deira. Lærarne fekk eit lite mini-foredrag om Førde ved historielærar Ola Sølvberg, før dagen vart avslutta med ein god middag.
Siste dag med fagleg opplegg var torsdagen. Vi starte i Fundo lokala og fekk ein introduksjon til "Sirkulære Høyanger", litt om historia i industriparken og aktivitetane i dag, Deretter fekk vi ein omvisning i lokal og produksjonlinja til Vest Resirk-senter og deira resirkulering av rotorblad frå vindmøller i Noreg og Europa. Dagen vart avslutta tilbake på skulen der elevane fullførte oppgåvene dei starta på dagen før og som tilslutt enda med kort presentasjon og ein sway (sjå lenka nederst). På ettermiddagen og kvelden tok elevane ein "roadtrip" til Balestrand, Alexander og Peru frå Tyskland og Baskerland deltok på A-lagstreninga til Høyang, før dei alle møttast til potluck (*kurvfest) på skulen.
Fredag morgen var det tilbake til Nordeide og avgang med ekspressbåten til Bergen.
I starten av mai skal Erlend treffe dei andre internasjonale koordinatorane ved partnarskulane for å planlegge neste skuleår.
Lenke til plattform for informasjon, bilete, opplegg og elevane sine produkt.
Tusen takk til alle bidragsytarene;
Kåre Hønsi - regionsdirektør Statkraft // Egil Åsnes og Sverre Digsøyr Hydro Høyanger // Gunnar Vigdal, Erlend Eskeland og Børge Austreim - Statkraft Høyanger // Kenneth Nakken og Tone Løtuft Nordic Mining //Tommy Ølmheim Leira Næringspark og Jan Henning Øyehaug Vest Resirk senter
Og takk til både skuleleiing og lærarar ved Høyanger vgs. og Førde vgs.
