Neste veke skjer det mykje i samband med Erasmus+ prosjekta.
Tre yrkesfagklassar reiser til Sønderborg sør i Danmark sundag 15. mars. Dette er 2PINA, 2ELEA og 1TPA. Nytt i år er at ein klasse frå Førde vgs. og skal vere med. Dei skal ha undervisning ved EUC syd fram til 26. mars.
Den 17.-19. mars får Høyanger vgs. besøk frå Italia, Danmark, Tyskland og Baskerland. Det kjem åtte elevar og fem lærarar.
I veke 16 og 17 reiser kjemi og prosessklassen (2KPL) til Danmark.
