Måndag 7. august besøkte fylkesordførar Jon Askeland Høyanger vgs.
Han hadde med seg fylkestingsrepresentant Gunn Mongstad og lokale politikarar frå Senterpartiet.
Tommy Ølmheim frå Hjetland industripark og Anja Pettersen frå Hydro var også med på møtet saman med skuleleiinga.
Askeland fekk ei orientering om skulen og kor viktig den vidaregåande skulen er for rekruttering for bedriftene i regionen. Det skjer mykje positivt i Høyangersamfunnet for tida, og det skal gjerast store investeringar i ny industri.
Ein ser føre seg rundt 150 nye arbeidsplassar i tida som kjem.
Den vidaregåande skulen er viktig både for å utdanne fagarbeidarar, få fleire vaksne inn i arbeidsmarknaden og bidra til at vi har unge i aldersgruppa 16-19 år i kommunen.
Høyanger vgs skal vere med på utviklinga og bidra til veksten!
Kjekt besøk før skulestart


