Elevar på vidaregåande skular kan velje å få skoleskyssbilletten i Skyss Billett appen i staden for fysisk kort
Skuleskyssbillett på mobil
Ein får to skoleskyssbillettar kvar dag.Éin frå heim til skole som kan nyttast i tidsrommet kl. 06:00-12:00, og éin frå skole til heim som kan nyttast i tidsrommet kl. 12:00-22:00.Skal ein reise andre stader, må ein kjøpe eigen billett til dette.
I tilfelle ein elev skulle vere tom for straum eller mobildata på telefonen, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av mobilnummeret til elevn
Får å få denne løysinga må ein legge inn mobilnummer i søknaden.
Du kan først søkje om skuleskyss når du har fått tildelt skuleplass.
Vi oppmodar elevar til å velje skuleskyssbillett på mobil
Valet om skoleskyssbillett på mobil skal bidra til:
- Ein enklare kvardag for elevane
- Mindre administrasjon for skulane
- Ei meir berekraftig og brukarvennleg løysing
Kva må du som elev gjere for å ta i bruk løysinga?
Elevar som berre treng buss kan søke om skoleskyss sjølv via sjølvbetjeningsportalen på www.skuleskyss.vlfk.no og logge inn som ELEV.
Skulen må søke for elevar som bur innanfor ungdomsbillettområdet (over 21 år og for gammal til å kjøpe ungdomsbillett), medisinske søknader, eller elevar som manglar kollektivtilbod.
Du har rett på gratis skuleskyss dersom
- avstanden mellom heim og skule er 6 km eller meir. Avstanden gjeld kortaste gangbare veg mellom heim og skule
- du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom heim og skule
- det er nødvendig med båt eller ferje, utan omsyn til avstanden mellom heim og skule
- du er fylt 21 år og avstand mellom heim og skule er 6 km eller meir
Du kan bli pålagd å gå inntil 3 km frå heim til haldeplass.
Skuleskysskortet kan ikkje nyttast ved turar i skuletida, på fridagar eller i feriar. Kortet kan berre brukast på turar på strekninga mellom heim og skule.
Bur du på hybel har du berre rett på skuleskyss dersom avstanden mellom hybel og skule er 6 km eller meir. Elevar under 19 år kan søkje om ungdomskort.
Ver merksam på at dersom du har rett på skyss, men ikkje har eit tilgjengeleg og akseptabelt reisetilbod, kan Skyss organiserer eit eit tilrettelagt skysstilbod til deg.
Les meir om dette i skuleskyssreglement for dei vidaregåande skuler i Vestland fylkeskommune og på skyss.no.
Vaksne elevar t.o.m. 29 år får 40% rabatt på periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar. På enkeltbillett og 24-timarsbillett betalar studentar vaksenpris.
Les meir om periodebillettar.
Kontaktinformasjon
Ta kontakt med kontoret på skulen dersom du ikkje har fått skysskort eller om du treng nytt